Mangfaldsmarknad - heile verda til Norddal sticky icon

Nasjonalitetane i kommunen er mange, og kulturen mangfaldig. 
Dette mangfaldet viser seg fram laurdag den 13. april på Valldal samfunnshus kl. 12-15.

Tiårsjubileum for Omenåsfestivalen sticky icon

Hilde Marie Kjersem, Torun Sæter Stavseng, ein jazztrio, litt diskopopjazz og litt dans er ingrediensane i tiårsjubileet for Omenåsfestivalen på Fjellro 1. mars.

Klatrepark i Valldal sticky icon

Valldal Naturopplevingar har planar om å etablere ein klatrepark i Valldal, og dei har difor ei spørjeundersøking for å lodde interessa blant folket. Hjelp Valldal Naturopplevingar i arbeidet med å lage noko nytt og spennande i Valldal du også!

Her kan du svare på spørjeundersøkinga

Eplepressing sticky icon

Norsk Bærindustri er klar for å ta imot eple for pressing. Den som ønskjer å lage eplesaft, kan ringje Ann for avtale på 994 69 704.

Boklansering på Klovset sticky icon

Søndag 17. juni kl. 13.00 lanserer Valldal Bygdekvinnelag boka «Til seters – setrar i Norddal», ei bok om alle setrane i Norddal kommune.

Postkortmesse på Valldal Samfunnshus sticky icon

Muribø Samleri og Ålesund Postkortklubb arrangerer postkortmesse på Valldal Samfunnshus frå kl. 12.00 til 17.00 søndag 17. juni. Kjøp og sal og byte av postkort og filateli.

Velkomne!

Frå Severinbrauta til Amerika sticky icon

Søndag 10. juni er det open dag på den gamle husmannsplassen Severinbrauta på Veiberg i Eidsdal. Temaet i år er kontakten med Amerika – «Frå Severinbrauta til Amerika».

Sunnmørske godsaker fall i smak sticky icon

Mange gjester fekk smaken på saft, syltetøy og sjokolade frå indre Sunnmøre på lanseringa av prosjektet Mat langs nasjonale turistvegar i Mathallen i Oslo førre helg. 

Randi Tafjord, Tonje Tafjord og Ann Matthews tilbaud potetflatbrød, syltetøy og saft.

Kretsmeisterskap i trial sticky icon

Den 17. juni 2012 arrangerer Valldal Trialklubb den tredje runden i Kretsmesterskapet (KM 3).

Nybegynnarkurs i Trial sticky icon

Så sant snøen er borte, arrangerer Valldal Trialklubb nybegynnarkurs i april.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening