Norsk Attraksjon i Valldal sticky icon

Laurdag 21. januar kl. 20.55 får vi stempelet Norsk Attraksjon når Linda Eide besøkjer jordbærbygda Valldal i beste sendetid (pluss søndag 22. januar kl. 09.30!).

Meretes Zenhage dreg til Geiranger i 2012 sticky icon

Hotel Union i Geiranger blir ein av stadene du kan gå på yogakurs frå januar av. Merete i Zenhagen skal fleire januarhelgar gi hotellgjester og andre kurs og øving i mellom anna mindfulnessyoga.

Julenattine i Sylte kyrkje sticky icon

Valldal hornmusikklag inviterer til julenattiné i Sylte kyrkje klokka 2030 torsdag 29. desember.

Vel møtt!

Jula på Kulå sticky icon

DETTE SKJER PÅ KULÅ I JULA:

Harpe, pop og sunnmørsk syre sticky icon

Endeleg kan vi byrje å vente på Omenås Musikkfestival! Festivalsjef Omenås slepper programmet i adventstida, og den musikalske pakken opnar vi 8.–10. mars 2012. Den årvisse blandinga av klassisk, pop og jazz får vi av Ellen Sejersted Bødtker, Elvira Nikolaisen og Sunnmøre Syreorkester. 

Julemarknad i Olagarden sticky icon

Laurdag 3. desember kl. 12–17 opnar Olagarden i Tafjord dørene for lokale produsentar som sel eit breitt utval av mat og husflid – og for førjulslystne gjester som ønskjer ei triveleg stund i lag med andre.

Ver ein kjøkkenturist du også! sticky icon

Ver om deg og få servert gode måltid og sanselege opplevingar i lag med kjøkkenturisten Chris på Juvet landskapshotell i helga. Han lagar god mat og fortel gode historier ut frå lokale råvarer og lokale opplevingar – med sin eigen vri, sjølvsagt.

Trialmeisterskap i Heggen sticky icon

Valldal Trialklubb arrangerer laurdag 17. september kretsmeisterskap på bana si i Heggen. Frå om lag klokka 11 til 16 blir det høve til å sjå vågale stunt i bakkane der – og kanskje late seg freiste til å vere med i klubben?



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening