Norge rundt på Valldal skule sticky icon

Norge rundt - Kabaret 2010 
Ungdomsskulelevane ved Valldal skule er i ferd med å setje opp ein ny kabaret, og dagane deira er prega av mykje øving. Vi ventar oss som vanleg topp kvalitet på framsyninga, så det er berre for deg å setje av fredag 19, og/eller laurdag 20. februar, til kabareten «Norge Rundt». Framsyningane startar klokka 19.00 begge kveldane.

Les meir på nettsidene til Valldal skule.

 

Vegen blir til medan vi går sticky icon

Velkomen til Valldalen.no. Nettsidene til trivsels- og næringslivsorganisa-sjonen i Valldal skal spegle litt av det som skjer i dalen vår.

Er det noko du saknar?
Dersom du har innspel til kva informasjon som bør vere med her, er vi takksame for det. Er noko som det ikkje skal vere? Send eit brev til post@valldalen.no.

 

Skriv deg inn i turbøkene sticky icon

Valldal Idrettslag legg til rette for at ein skal få lønn for strevet. Under finn de turar der de kan skrive dykk inn i bøkene – og kanskje hauste ein premie eller to når sesongen er slutt.

 

God tur!

QUIZ på Fjellro sticky icon

QUIZ fredag kl. 21.30

Få med deg quizen på Fjellro om lag tredjekvar fredag. Du blir garantert ikkje lei deg av det! Ansvaret for å vere quiz-vert går på rundgang, så tilfang og tema varierer frå person til person. Då blir det forskjellig frå gong til gong - og litt for kvar ein smak!

Ung fredag er fullt av liv sticky icon

Ung fredag er eit tilbod til ungdom på indre i alderen 13-18 år. Det er Ung fredag om lag ein gong i månaden på Valldal samfunnshus kl. 20-23.

Juletrefest på Sylte bedehus

Det er juletrefest ved søndagsskulen på Sylte bedehus tysdag den 27.desember klokka 17.00.

Vel møtt!

Storfjordkonferansen

6. september er det klart for ny Storfjordkonferanse på Valldal samfunnshus. Tema i år er: Kven kan kommunane samhandle med og korleis?

 

Programmet finn du her.

Fiskesommar

Fiskedag for born på Slettvikane søndag 14. august med instruksjon. Konkurranse kl. 13–14.

Påmelding ved start, premiar til alle born!

Vel møtt!

Arr: Valldal jeger- og fiskeforening

Ute- og innekonsert på Fjellro

Håvard og bøtteballetten har utekonsert på Fjellro laurdag 30. juli klokka 15.00 - og innekonsert frå klokka 22.00.

Søndagsjam

Sommarnytt på Fjellro:

Søndagsjam kvar søndag kl. 22–01. Ta med deg instrumentet ditt og kom!



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening