Skiåret 2011

Skitreningar for 10 år og eldre:
Tysdag kl 1830-2000: fristil
Torsdag kl 1830-2000: klassisk stil
Oppstart tysdag 4. jan. Treningane går ut dei dagane det er cup.
Telenorkarusell/Valldal-Liabygda-cup:
Telenor deler ut premiar til alle barn opp til 12 år som deltek på minst to renn. Premieutdeling fortløpande.
VIL deler ut premie for deltaking i minst 4 renn. Utdeling på marknaden.
Første renn er i lysløypa tysdag 11. januar.
Sonerenn:

Romjulstreff

Den 28. desember arrangerer døropnartenesta ved Fjordhagen romjulstreff for dei som ønskjer å flytte til, har akkurat flytta til eller kjenner nokon som kunne tenkje seg å flytte til Norddal kommune.

Dette skjer tysdag 28. desember kl. 13.15–16 på Valldal skule.

Nærare program følgjer seinare.

Jula på Kulå

Laurdag 4. desember: Julebord med påmelding, og seinare på kvelden dans med ZEPHYR frå kl. 23.00.

Laurdag 11. desember: Julebord lukka lag fram til kl. 23.00. Dans med frontfigurane i Bære og Briste frå kl. 23:00

Måndag 27. desember (tredje juledag): Dans med ZEPHYR frå kl 22.00 til 02.00

Kva skjer?

Her er nærare informasjon om hendingane i kalenderen:

25. november:

Årsmøte i Valldal Bygdekvinnelag på Jordbærstova kl. 19.

26. november: Ung fredag i Valldal, Valldal Samfunnshus kl. 19.30-23.00. Playstation, ballspel, kiosk, bordtennis. Ferje frå Eidsdal kl. 19.00, buss til Sylte. Returskyss til ferja kl. 23.05 frå Linge.

Førjulskonsert med Rita Eriksen

Søndag 13. desember inviterer Valldal Hornmusikklag til førjulskonsert med Rita Eriksen i Sylte kyrkje kl. 20.

På den einaste konserten ho held på Sunnmøre denne gongen, framfører ho eit utval julesongar og fleire av låtane som har gjort henne kjend. «Tir n'a Noir» og «The Water is wide» framfører ho saman med hornmusikklaget.

Førjulsstemning i Olagarden i Tafjord

Laurdag 5. desember frå kl 12 til 18 opnar Olagarden i Tafjord jula. Treng du å kome i stemning, er dette rette staden.

Lokale produsentar sel eplemost, saft, sylte og konfekt, lefser og anna bakst, trearbeid, strikkevarer, bøker mm.

Bjarne Ødegård, Løfserøvane, Jordbærstova, Norsk Bærindustri, Astor Furseth og fleire kjem med produkta sine.

Julegrantenning på Sylte

Laurdag 28. november er det igjen tid for å tenne julegranlysa på Sylte. Foreldra til barna i barnehagen på Sylte og i Fjørå står bak arrangementet og ønskjer alle hjarteleg velkomne til ei koseleg opning på ventetida.
Syltebøen barnehage er open frå 13.00 til 16.00. Det blir sal av risengrynsgraut, kaker, saft og kaffi. Kl. 15.00 tenner vi lysa i kyrkjegrana og lysa i det vesle treet i barnehagen. Vi står innafor gjerdet i barnehagen og ser på.

Ny leiar i Valldalen.no

Kenneth Hovden vart valt til ny leiar i Valldalen.no på årsmøtet tysdag 17. november.

Med seg i styret har han Eli Boatwright Linge, Pål Morten Krågebakk, Stein Inge Rem og Hegelin Waldal. Varamedlemmer er Hanne Beate Uri og Frode Myren Døving.
Revisorar: Per Magnus Berdal og Randi Tafjord
Valnemnd: Kåre Erstad, Peder Stakkestad og Signe Brenna

Last ned faksimile av artikkel i Storfjordnytt 19/11/09.

Folkemøte med fleire tema

Valldalen.no ønskjer alle vel møtt til eit tredelt årsmøte
på Fjellro tysdag 17. november:

Det blir roleg årsmøte, opplysande innspel om vassavgifta - og oppløftande og lærerik tur både til Rauland og til vår eigen kommune.

Årsmøte Valldalen.no

Valldalen.no avviklar årsmøtet tysdag 17. november på Fjellro. Vanlege årsmøtesaker, men programmet blir oppdatert etter kvart.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening