Bygdekvinnelaget nyt hausten

Aktiviteten Valldal bygdekvinnelag dabbar slettes ikkje av i haustmørket, tvert imot. Nokre datoar for arrangement er ikkje sikre enno, men dei kjem på etter kvart:

Seinsommarfestival på Fjellro

Kanhende blei sommaren for kort. Kanskje fekk du han ikkje heilt med deg. Uansett er det somme som insisterer på at sommaren ikkje er over, for Fjellro arrangerer Seinsommarfestival den 15. august.

Endeleg ein skikkeleg motbakke!

Laurdag 18. juli er det klart for det fjerde motbakkeløpet Mefjellet Opp. Blir ikkje den vakre Fjørå-bygda kalla Klivrebygda til vanleg, så er ho det iallfall denne dagen.

Foto: Hans Martin Gjedrem har 100 meter att til mål i fjorårets Mefjellet Opp. (Foto: Mefjellet Opp)

Skaff deg trim og ny kunnskap

Bli med God Helse på Vekas tur. Kvar veke byr på ein fin tur med vegvisar og historieforteljar.

Torsdag 27. august: Kallsethaugen
Vekas tur torsdag 27. august startar frå parkeringsplassen på Herdalsstølen kl. 18.45 (Ferje frå Linge kl. 18.00). Det er ein «lett» tur som varer i overkant av ein time tur – retur. Turleiar er Ann-Kristin Lunden.  

Ein flaum av syklistar

Søndag 19. juli kjem det ein straum av syklistar til Valldal. Dei deltek i Viking Tour - «sykkelferie og etapperitt» - og overnattar her i kommunen etter å ha gjennomført andreetappen frå Vågå til Valldal. Dagen etter syklar dei vidare til Lom.

Symje - sykle - springe

Laurdag 27. juni er det klart for årets styrkeprøve. Deltakarane i Trollveggen triathlon skal symje ein kilometer i fjorden utanfor Åndalsnes sentrum. Deretter kastar dei seg på sykkelen og syklar på spreng heile vegen gjennom Isterdalen og opp Trollstigen (10 km flatt terreng og 9 km stigning). På toppen kastar dei frå seg sykkelen og langar av garde innover mot Trollveggen og Stabben. Denne delen tek om lag 2 timar - på grus, stein, krevjande ur og snø.

Valldal Summer Games

I år blir Hipp Hurra for Sumar Natta og Cramp Camp padlefestival slått saman til Valldal Summer Games 2009!

Dette skjer 9.-12. juli på Hjelme i Valldal, nærare bestemt på Kvislane, Saudehølen. 

Bak arrangementet - som har vakse på år for år - står ein gjeng ungdommar med hang til sykling, padling, klatring, longboard, snowboard, rafting og anna moro med utgangspunkt i naturen.

Få med deg ein skikkeleg nedtur i sommar

Frå sykkelryggen kan du i sommar oppleve dei beste nedturane Sunnmøre har å by på. Pål Morten Kragebakk inviterer syklande til sterke opplevingar med Valldal som base.

Pål Morten og Kaia Kragebakk ønskjer folk velkomne til naturen og tilbyr overnatting og oppløftande aktivitetar med utgangspunkt i heimstaden på Myklebust i Valldal.

Pop i Olagarden

Kulturgytinga i Olagarden i Tafjord er i godt i gang, og denne helga er det mykje pop på plakaten.

Gytinga tok til torsdagskvelden med konsert i kraftverksmuseet. Til saman 25 musikarar spelar på elleve konsertar i sjangrane pop, elektronika og jazz. Lokale namn som deltek er Sunnmøre syreorkester med Stiann Omenås. Trommeslagar Øyvind Skarbøø frå Stranda har solokonsert, medan festivalkunstnaren også er henta frå Stranda og heiter Elisabeth Færøy Lund.

Kurs i beskjering av frukttre

Det nærmar seg vår, og tida er inne for å beskjere frukttrea - iallfall for å lære å gjere det.

Hos Signe Brenna og Nils Eldar Linge på Linge kan du lære den edle kunsten laurdag 7. mars kl. 11–14.

Meld deg på: 70 25 76 07, mobil 91 84 22 80 eller e-post: eldlinge@online.no.

Pris: Enkeltpersonar kr. 100, familie kr 150.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening