Olsokfest med jordbær på menyen

Helga den 24. til 26. juli blir det noko for kvar smak når den tradisjonelle olsokfesten går av stabelen i Valldal. Nytt av året er jordbærfestivalen, som fokuserer på lokale produkt og mattradisjonar. Arrangørane har mykje kjekt på lur.

Ha tolmod med oss!

Velkomen til Valldalen.no! Desse sidene blir til medan vi går ...

Dei skal spegle litt av det som skjer i Valldalen. Er det noko du saknar? Dersom du har innspel til kva informasjon som bør vere med, er vi takksame for det. Send eit brev til post@valldalen.no. Dersom du oppdagar noko feil, må du vere snar med å skrive. Og veit du noko vi ikkje veit, sender du oss sjølvsagt ei melding brennkvikt ...

Midtsommaridyll

Fredag 20.–søndag 22. juni er det Norddalsbygda som gjeld. Midtsommardagane der byr på konsertar, marknad, vandringar, god mat, bygdafest og sjøliv. The Happy End viser at Norddal har eit heilt eige liv over seg - og ei heilt eiga ro.

Sjekk programmet og finn ut kva som passar best for deg!

God helg

Har du krefter til dette?

Der er visst fare for regn fredag 13. juni. Men kva gjer vel det, når det er Vassendgutane som held utekonsert på Kulå i Valldal? (Ja, dit vil eg) Laurdagen kan du flire deg fillete på Storfjord kulturhus på Stranda ... (og eg vil dit) .. og har du krefter att, kan du kanskje få utnytta dei på Devold Geiranger Halvmaraton i Geiranger søndag. (og jammen vil eg ikkje dit også!) GOD HELG!

Sesongen er opna

Blomstrande jordbærTrollstigen er opna, jordbæra blomstrar, raftarane har fått flåtane på elva – kva kan vi seie? Sesongen er i gang.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening