Friske fargar i zenhagen sticky icon

3. september er Norunn Mølsæter tilbake i zenhagen ved Uribrua for å halde målekurs.

Norunn hadde kunstutstilling på Møll i sommar og fekk stor merksemd for den særeigne kunsten sin.

Les meir om kurset her.

Grilling og gratiskonsert på Fjellro – og ekspressfest på Kulå sticky icon

Trua på sommaren har ikkje tørka heilt ut, og laurdag 13. august blir det sommar for full musikk i Valldal. Fjellro inviterer til grillfest og gratiskonsert, medan Kulå freistar med dans med Party Express.

Velkomne til olsokhelg i Valldal sticky icon

Tradisjonen tru går olsokfeiringa i regi av idrettslaget av stabelen i helga. Velkomen til ei hendingsrik helg med variert innhald:

Bli med på kretsmeisterskap runde 5 i trialbana sticky icon

Laurdag 17. september er det trialklubben i Valldal som arrangerer kretsmeisterskap - denne gongen runde 5. Trialklubben håper at så mange som råd, har lyst og høve til å kome og vere publikum denne dagen. Det kjem trialkøyrarar frå heile kretsen for å køyre.

Oh a Valldala! sticky icon

Valldal Summer Games 2011 er i gang, med flokkar av naturelskande og livsfriske unge i elvar og bakkar i bygda. Om du ikkje deltek, kan du sjå på - her er programmet. Få i tillegg med deg quiz på Fjellro fredagskvelden, marknad i Tafjord laurdag og dans på Kulå laurdagskvelden.

God helg!

Husflidsmesse på Valldal Samfunnshus sticky icon

Vi minner om husflidsmessa på Valldal Samfunnshus denne helga – 2. og 3. juli. Det er første gong på sju år at husflidslaget arrangerer husflidsmesse, og det kjem mange utstillarar og seljarar til bygds.

Les meir her

Hornmusikk i hagen sticky icon

Laurdag 18. juni kl. 18.00 er det konsert i Fjellrohagen. Det blir mykje god underhaldningsmusikk med Valldal hornmusikklag, Stordal hornmusikklag og Valldal spelemannslag. Kan hende kjem det andre aktørar på scena òg!

Arr: Valldal Hornmusikklag

Fjellturar i Øvre Valldal 2011 sticky icon

Sprekingane i Øvre Valldal Grendelag tek oss med på mange flotte turar i sommar:

Helga for sprell og moro sticky icon

Helga 7.–10. juli er det duka for sprell og moro i Valldal! Det er helga for Valldal Summer Games 2011. 
Tanken med Valldal Summer Games er at alle som likar å drive med utendørsaktivitetar kan møtast her og ha det moro.

 

Her er programmet for helga:

 

Fredag 8. juli:

Kl. 10–15

Rafting i Valldøla

Felles sykkeltur med guide

Ei helg med musikk, motor og moro sticky icon

Pinsehelga byr på noko for kvar smak: Vassendgutane, barnetime, livsstilshelg, motordag ... Her er det berre å velje kva lydar ein ønskjer å høyre, og håpe at det ikkje blir så altfor vått.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening