Barnetime ved SPAR Valldal sticky icon

Laurdag 11. juni inviterer HL MURI til barnetime ved SPAR Valldal kl. 13.00.

– Trolla frå Trollstad kjem med song og dans

– Premieutdeling for teiknekonkurransen

– Is til alle barn

– Beyblade-turnering i Yes-butikken kl. 11-13

Johnny Cash-kveld i kyrkja sticky icon

Fredag 17. juni kl. 19.00 formidlar songarane og musikarane Frode Aarsbog, Paul Magne Venås og John Sylte den spennande historia og karrieren, trua og kjærleiken til Johnny Cash.

Nasjonal motordag sticky icon

Kom og sjå våre lokale køyretøy!

Spesielle bilar, veteranbilar og motorsyklar

Søndag 12. juni i Valldal sentrum

Utstilling kl. 12–14

Heile bygda full av musikk sticky icon

No er korpsfestivalldal i gang, og bygda ønskjer dei unge musikantane hjarteleg velkomne! Få med deg det som skjer – sjekk programmet på valldalskulekorps.no.

Vinkveld og tapashygge sticky icon

Laurdag 6. august inviterer Jordbærstova til vinkveld  klokka 19.00.

Teknologi for småbedrifter sticky icon

«Korleis kan teknologi gjere kvardagen lettare for småbedrifter?» er tema for møtet i regi av Fjordhagen torsdag 26. mai – på Jordbærstova kl. 19.20–21.20.

Vegard Waldal, utflytta valldaling og tidlegare gründer innanfor IT, no busett i Trondheim, kjem for å innleie om temaet.

Kurs i horsemanship sticky icon

Korleis få eit godt forhold til hesten med gjensidig respekt og tillit, og ein hest som er lydig og trygg å handtere? Monsgarden inviterer i kurs i horsemanship laurdag 4. og søndag 5. juni kl. 10.00–16.00.

Gratulerer med dagen! sticky icon

Valldalen.no gratulerer alle med nasjonaldagen!

Trialklubben har starta treningane sticky icon

Med vår og snøsmelting tek mange uteaktivitetar til att, ikkje minst trialtreningane. Kvar fredag framover frå klokka 17.00 er det trening på bana i Heggen.

Livsstilshelg med yoga, meditasjon og urter sticky icon

Tre sosiale damer inviterer til ei pinsehelg med fleire livgivande og sunne aktivitetar.
Helga den 11.–12. juni vert det workshop med yoga, meditasjon og innføring i bruk av ville urter i Zenhagen i Valldal: 



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening