Bygdemøte om verdsarven – og meir sticky icon

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og Valldalen.no inviterer til bygdemøte i Valldal måndag 21. februar kl. 19.00 på Jordbærstova.

– Verdsarvstiftinga orienterer om arbeidet sitt
– Valldalen.no fortel om ein del av sine prosjekt

Skikafé – og innflyttartreff sticky icon

Torsdag 3. mars blir det innflyttartreff i samband med skikafeen på Omenås klubbhus. Klokka 18.00 informerer Valldal idrettslag om aktivitetane sine i Norddal kommune.

Fylkeskappleiken i Valldal sticky icon

Valldal spelemannslag arrangerer fylkeskappleik helga 9.-10. april på Valldal samfunnshus. Dette er ein fylkeskonkurranse i tradisjonell folkemusikk, dans og kveding, med kulturkveld og dans laurdagskvelden. Meir informasjon på www.valldalspelemannslag.no

Ope møte om kvinner, makt og media sticky icon

Vi minner om det opne møtet som Tausaløftet arrangerer på Muritunet måndag 14. februar kl. 18.00.

Tema er Kvinner, makt og media - kva tenkjer vi om nominasjonsprosessen. Det blir innlegg frå stortingsrepresentantane Rigmor Andrersen Eide, Jenny Klinge og journalist Sissel Tiril Rem.

Møte- og debattleiar er Randi Flø.

Fado – varme i vintermørket sticky icon

Søndag 13. februar er det grunn til å gå folk av huse for å få med seg eit vakkert stykke portugisisk musikk-kultur. I samband med Fado-festivalen i Ulsteinvik, og ikkje minst som ein del av 130-årsjubileet til H.L. Muri, blir det konsert i Sylte kyrkje kl. 19.00.

Temakveldar med meditasjon sticky icon

Den siste søndagen i månaden fram mot våren inviterer Merete i zenhagen til temadag om meditasjon.

Dette blir samankomstar der ein snakkar litt om ulike måtar å øve på å vere nærverande og til stades på, det som også blir kalla mindfullness. Dette er metodar ein lett kan flette inn i kvardagen for å minske stress og samle energi.

Nytt styre i Valldalen.no sticky icon

Kenneth Hovden blei attvald som leiar for Valldalen.no på årsmøtet torsdag 13. januar 2011. Med seg i styret har han Eli Boatwright, Pål Morten Krågebakk og dei nye styremedlemmene Geir Arne Sylte og Ann Mattheeuws. Varamedlemmer er Nils Tarjei Hjelme og Jon Hallgeir Uri.

Smørjekurs sticky icon

20. januar blir det smørjekurs i samband med skikafeen på klubbhuset på Omenås.

Korpsfestivalldal! sticky icon

Helga 3.–5. juni inviterer Valldal skulekorps til regionalt musikkstemne med naturopplevingar i fokus.

valldalskulekorps.no

Sonerenn i Valldal sticky icon

LAURDAG 15. JANUAR 2011 KL 13.00
Valldal Stadion



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening