Årsmøte i Valldalen.no sticky icon

Vi minner om årmøtet i Valldalen.no torsdag 13. januar kl. 20.00 på Fjellro.

Det blir vanlege årsmøtesaker i tillegg til sak om honorar til leiar og kasserar.

Vel møtt!

Styret

Pssst: Skikafeen opnar 6. januar sticky icon

Så kvar torsdag framover er det høve til kveldsopplevingar i opplyste skiløyper. Les elles meir her: 

Vi ønskjer alle eit godt år! sticky icon

Valldalen.no ønskjer alle eit riktig godt 2011. Måtte det nye året gi oss gode og inspirerande stunder!

Topp skøytebane på Omenås sticky icon

Hipp hurra - gamle kunstar blir som nye. No er det berre å leite fram skøytene og gjere seg klar for nye, inspirerande blåmerke. Initiativrike sjeler har nemleg laga skøyteis på den gamle grusbana på Omenås, og kva kan vel vere artigare enn å gli av seg julefeittet her i lag med mange andre store og små?

Musikalsk julegåve fram mot «våren» sticky icon

Stian Omenås er i det gåverike hjørnet for tida, og strør om seg med musikalske gåver. Denne gongen må du vente med å opne gåva til mot påske. Då blir Omenås musikkfestival  arrangert for åttande gong – 24.–26. mars. Det tredelte programmet på den tredelte festivalen byr på klassisk med Hans Petter Mæhle, jazz med Parallax og pop med Thom Hell (biletet).

Valldal Trialklubb i farta sticky icon

Sjekk denne gjengen. Dei har frest på to hjul over stokk og stein i år også. No er Kretsmesterskapet 2010 (KM 5) avslutta, og resultata for Valldal Trialklubb ser du her: 

Livsstilsdag i zen-hagen sticky icon

Eit nytt år er eit nytt høve til å kome i gang med noko som både er nytt og bra for oss. Zenhagen gir smakebitar på ein sunnare livsstil 29. desember.

 

På biletet: Helsejournalist og forfattar Ellen Beate Wollen.

Årsmøte Valldalen.no sticky icon

Vi ønskjer alle velkomne til årsmøte i Valldalen.no torsdag 13. januar 2011 kl. 20.00 på Fjellro.

Det blir vanlege årsmøtesaker i tillegg til ei sak om honorar til leiar og kasserar.

Vel møtt!

Styret

Gratulerer med Reiselivsprisen! sticky icon

Valldalen.no gratulerer Juvet Landskapshotell og hotelleigar Knut Slinning med Reiselivsprisen 2010. Dette var vel fortent, Knut! Vi er stolte av det alle saman!

Hei, jenter! sticky icon

Vi minner om at tausene har invitert damer over 18 år til kvinnetreff på Muritunet onsdag 17. november frå kl. 19.30 til om lag 22.30.

Innlegg ved Terri Senior: Inspirasjon og engasjement

Det blir også: 
- kveldsmat
- debatt
- kulturinnslag

Vel møtt!

Arr: Tausaløftet i samarbeid med helselag og bygdekvinnelag i Norddal kommune



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening