Valldal Summer Games 2010 sticky icon

Helga den 8.-11. juli er det duka for sprell og moro i Valldal, melder arrangørane av Valldal Summer Games 2010.

Den som kjem seg tidleg opp, kjem seg velberga ned? sticky icon

– Er du på toppen av Mefjellet før klokka 8 om morgonen, rekk du å sykle ned på skaren, fortel Pål Morten Krågebakk. Han og Matias Heggen hadde ein flott tur ned Mefjellet siste dagen i påska. Sjekk videosnutten dei har lagt ut som viser akkurat det.

Gode opplevingar sticky icon

Vi ønskjer alle ei herleg påske!

Her på www.valldalen.no finn du vonleg det du treng for å nyte påska på best vis i Valldal. Overnatting, mat og frisk natur – her har du noko for både kropp og sjel.

Og blir ikkje påska som du ønskte, kan du vere viss på at våren er like om hjørnet. Hjarteleg velkomen skal både du og han vere!

Vennleg helsing Valldalen.no

Oppkøyrte løyper i fjellet sticky icon

Det vert oppkøyrte skiløyper frå Langdal og framover til Slettvikane frå og med palmesøndag 28. mars til og med 2. påskedag 5. april.
I denne perioden vert det også køyrt løype på Høghjelle og Grønningsæter.
Til VM torsdag 1. april vert det køyrt opp i lysløypa på Omenås.

Valldalsmeisterskap sticky icon

Det tradisjonsrike lagsrennet til Valldal IL, Valldalsmeisterskapen, populært kalla VM, blir arrangert på Omenås skjærtorsdag 1. april kl 1300.
Rennet byter på stilart, i år er det klassisk stil som gjeld. Det er klassar for både store og små og premie til alle som fullfører. I tillegg blir det uttrekkspremiar. Det er også høve til å prøve seg på skimerket.

Kurs i beskjering av frukttre sticky icon

Onsdag 31. mars har du høve til å lære den edle kunsten
å beskjere frukttre. På Lingebakken er det klart for våren.

Det spirer og gror i Meretes Zen-hage sticky icon

Sjølv om vinteren framleis ligg over landet, spirer og gror det hos den nyaste medlemmen i Valldalen.no: meretesZENgarden.

Terri Senior til Valldal på kvinnedagen sticky icon

Kvinnedagen måndag 8. mars vert markert på Jordbærstova i Valldal. Arrangementet er eit samarbeid mellom Tausaløftet (Utstillingsvindu for kvinner i lokalpolitikken), Fjordhagen AS ved Kvinnovasjonsprosjektet, bygdekvinnelaga og helselaga i kommunen.

Terri Senior, innvandrar til Norge frå Jamaica og no norsk statsborgar, kjem for å fortelje om korleis ho ser på kvinner i politikken, kvinneleg entreprenørskap og integrering.

Den beste møtestaden sticky icon

Kvifor er stadion og klubbhuset på Omenås den beste møtestaden vi har på vinterstid?

Jau, fordi skigruppa i idrettslaget passar på at det er oppkøyrde løyper kvar dag. Skikafeen startar opp att torsdag 6. januar, og då er der:
– perfekt oppkøyrde løyper som går både oppover,
nedover og bortover
– ein herleg akebakke for store og små




Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening