Du er herSkriv deg inn i turbøkene
Skriv deg inn i turbøkene
Valldal Idrettslag legg til rette for at ein skal få lønn for strevet. Under finn de turar der de kan skrive dykk inn i bøkene – og kanskje hauste ein premie eller to når sesongen er slutt.
God tur!
Klikk på kartet for å opne ein større
og meir leseleg versjon av kartet.
TRIMPOSTAR Valldal IL 2010
(gjeld i tida frå 15. juni til 1. oktober)
1. Strandpromenaden
Asfaltert gangveg i sjøkanten mellom Muritunet og Valldøla, 600 m. Fin for rullestolar. Skilta. Bok heile året.
2. Vardefjellet 850 moh
Parkering i Lingåsen (200 moh), ev. bomveg (3 km) til Klovset (500 moh), parkering. Vidare oppover, bratt stigning (ca 40 min) til Vardevatnet m/hytte, Vardebu 800 moh, og utover til Vardefjellet (850 moh). Utsyn til store deler av Norddal og Stranda kommunar.
3. Hogsta i Syltemoa 60 moh
Fleire alternative vegar: Parkering ved Valldal skule, 1,5 km å gå. Frå Leirdueskytebana på Ødegård 300 m. Frå Døving 2 km. Frå alle alternativa er det god skogsveg. Den gamle Olavsvegen gjennom Valldal. Kasse ved skilt merka Syltefjellet. Frå Hogsta kan ein gå den gamle ferdselsråsa over Syltefjellet til Ytterli 400 moh.
4. Fremstevatnet i Valldalsbotnen 863 moh
Parkering på Valldalsetra 380 moh. Skilt viser vegen vidare. God sti. Jamn stigning heile vegen. Kasse ved varde i nedre ende av vatnet. Middels tung tur. 4 t t/r.
5. Heggesætra 585 moh (biletet)
Parkering i Heggen. God sti. Kasse ved sel. Lett tur. 2 t t/r.
6. Trollkyrkjebotnen 1100 moh
Fleire alternative ruter. Parkering i Heggen, på Gudbrandsjuvet eller på Hauge i Fjørå. Kasse ved steinhytte. Eit heilt spesielt område geologisk med m.a. store felt med raudfarga olivin.
Middels tung tur. Om lag 4 t t/r.
7. Heisætra 700 moh
Parkering på Gudbrandsjuvet. Kasse ved hytte. Lett tur. Om lag 2 t t/r.
8. Olavsvegen mellom Gudbrandsjuvet og Grønning 200 moh
Parkering på Gudbrandsjuvet. Lett tur. Skilta. Om lag 1 t t/r.
9. Steindalen 500 moh
Parkering på Grønningsætra. Bomveg frå Lars Grønningsæter. Lett tur. Om lag 2 t t/r.
10. Furubu i Berilldalen 650 moh
Parkering på Nedstestølen 400 moh. Bru over storelva, følg råsa som går mot nordvest, gå over ei klopp over Meierigrova, ta til høgre og hald fram opp brautene på venstre side av elva frå Berilldalskoppen. Etter 2-3 km er det ei bru der du kryssar elva, hald så høgre side oppover skjervane i om lag 50 m til ei rås som går ca. 400 m i myrlendt terreng til Furebu. Lett tur. 2 t t/r.
11. Osten i Veslelangdalen 920 moh
Parkering på Øvstestølen 520 moh. Fin sti stort sett heile vegen. Ein del stigning opp frå Øvstestølen, elles slakt og lett terreng. Kasse på hytta. Lett til middels lett tur. Om lag 4 t t/r.
12. Kulehytta i Langfjelldalen 800 moh
Parkering på Slettvikane 700 moh. Fin sti stort sett heile vegen. Nesten flatt terreng. Ei lita elv må passerast midvegs. Ved flaum er den ikkje alltid like god å krysse. Lett tur. Om lag 4 t t/r.
13. Vika/Rusetbugen–Ytterli 400 moh
Parkering ved veg i Vika eller Rusetbugen ovanfor anlegget til Fjordlaks. Merka sti med skilt. Kasse ved skilt mrk. ”Martanshjellen”. Jamn stigning heile vegen. Lett tur. Om lag 1,5 t t/r.
14. Mefjellet, Fjørå, 1100 moh
Parkeringsplass på Hauge 400 moh. Følg setervegen opp til Nysetra, deretter merka sti til toppen av Mefjellet. Kasse ved varden. Middels lett tur. Om lag 3,5 t t/r.
15. Muldal 490 moh
Parkering i Muldalsvika. Merka sti/skogsveg startar 50 m aust for brua. Jamn stigning heile vegen. Kasse på brua oppe i Muldalen. Lett tur. Om lag 2 t t/r.
16. Heggurdalsstølen, Fjørå, 830 moh
Parkering på Hauge, 400 moh, følg traktorveg til Nysetra 800 moh, derifrå skilta til Heggurdalen. Råsa er berre delvis merka, men lett å følgje. Høgste punkt er Aksla 1000 moh, fin utsikt. Middels tung tur ca 4 t t/r frå Hauge. Kasse med trimbok festa på sel.
17. Jamtefonna 40 moh
Fin sti frå Jamtegarden til Uri. Gå gjerne vidare om Døving og til Syltemoa. Kasse på staur mellom fonna og garden under Urikammen. Lett tur.
18. Raudhammaren 350 moh (biletet)
Parkering ved Furnessvingen. Følg merking til trimposten via Hoelssætra. Lett tur, om lag 1 time. Alternativ rute er å gå opp frå Hoel. Denne råsa er litt meir krevjande.
God tur! Helsing trimgruppa i VIL. Ved manglande bok eller anna ta kontakt med Liv Marit Indreeide,
tlf 416 13380.