Du er herÅrsmelding 2009

Årsmelding 2009


Styret har i 2009 vore slik:
Leiar: Stein Inge Rem
Kasserar: Kenneth Hovden
Skrivar: Hegelin Waldal
Styremedlem: Hanne Beate Uri
Styremedlem: Kaia Krågebakk
Varamedlem: Eli Linge Boatwright
Varamedlem: Knut Slinning

Revisorar er Per Magnus Berdal og Oddbjørn Kleppe
Valnemnd er Kåre Erstad, Peder Stakkestad og Magne Alstadsæter

Kontingent: 1000,– for bedrifter, 250,– for privatpersonar, lag og organisasjonar

Medlemstal: Av 77 medlemmer som har fått faktura om betaling av medlemspengar, hadde 63 betalt veka før årsmøtet (34 av 42 firma har betalt, 29 av 35 privatmedlemmer/ organisasjonar). Dei som ikkje hadde betalt, har no fått purring med beskjed om å seie frå dersom dei ikkje ønskjer å vere medlemmer lenger. Det har ikkje vore drive aktiv verving av nye medlemmer i året som gjekk, men medlemstalet har halde seg stabilt.

Styret har hatt fire styremøte: 9. desember 08, 16. mars, 23. september og 5. november.

Den 17. april arrangerte vi fredagstreff på Fjellro, eit uformelt møte med litt info om turstien frå fjord til fjell og laust prat om ymse tema. Den 17. november er årsmøtet utvida til å også vere eit folkemøte med to tema: Debatt om vassavgifta for abonnentar knytte til Sylte vassverk, og eit føredrag om næringsliv og reiseliv ved dagleg leiar i Fjordhagen Terese Jemtegård Moen. Det er viktig at medlemmene kan få lufta saker som er viktige for dei gjennom organisasjonen.

– Valldalen.no gav i vår ut ei oppdatert utgåve av sommarfaldaren for Valldal. Storfjordnytt stod også i år for utforming og trykking. Faldaren vart distribuert til alle husstandar i Valldal og delt ut til ein del reiselivsbedrifter.
– Nettsidene går sin gang. Sporadiske e-postar frå fjern og nær tyder på at dei blir lesne. Statistikken fortel at det i snitt var 24 individuelle besøk per dag i 2009 (42 i juli). Målet framover er å auke merksemda om nettsidene slik at folk blir ivrigare etter å gi melding om aktivitetar til  kalenderen.

Turstien frå fjord til fjell: Valldalen.no har gjennom kommunen fått tilsegn om 700 000 kroner i tippemidlar for å etablere den første biten på turvegen frå fjord til fjell – frå Rem til Grønning (samarbeid mellom fylket, kommunen og Valldalen.no). Grunneigarane er samde om kvar traseen skal gå, og det har vore dugnad med skogrydding. Det er med andre ord berre å ta til – så snart entreprenøren kan, og så sant vêret tillet det.

Anna: – Valldalen.no har i 2009 betalt ein del av kostnaden med å få teke nye reklamebilete frå området (via DGT, fotograf Terje Rakke). Desse bileta kan vi fritt bruke. Dersom nokon av medlemmene ønskjer det, får dei cd med bilete ved å vende seg til turistkontoret i Valldal. Dersom bileta skal nyttast i reklameskriv eller på nettsider, skal dei krediterast med Foto: Terje Rakke / Valldalen.no.
– Knut Slinning har også representert Valldalen.no på fleire reiselivsarrangemet det siste året.

Valldal 16. november 2009,
Stein Inge Rem, leiar

 



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening