Du er herTurvegen frå fjord til fjell

Turvegen frå fjord til fjell


Biletet: Entreprenøren i gang på strekninga
Rem–Grønning sommaren 2010

Sommaren 2010 sette vi første «gravemaskintaket» på første etappe av storprosjektet vårt: å etablere ein samanhengjande, spennande og helsefremjande turveg frå fjord til fjell. Vi har arbeidd med dette prosjektet sidan 2006, og vi har fått tippemidlar i samarbeid med Norddal kommune. Vi gler oss til å opne «prøvestrekninga» frå Rem til Grønning utpå året 2011.

Entreprenøren har opparbeidd ein ny trase på vegbiten mellom Rem og Alstad, men elles går turvegen på gamle bygdevegar og stigar som er i bruk den dag i dag.

(Meir stoff under biletet.)

Biletet: Frå Skjersurda mot Grønning

For mjuke trafikkantar

Turvegen frå fjord til fjell er eit spennande prosjekt som har tent glød og optimisme når vi har presentert ideen på folkemøte. På grunn av den aukande turisttrafikken gjennom Valldal er det ikkje særleg attraktivt å ferdast langs riksvegen som mjuk trafikkant. Vi manglar ei trygg og tiltalande ferdselsåre gjennom dalen.

No ønskjer vi å ta i bruk stiane som finst i Valldal, og den gamle bygdevegen, rydde dei, leggje til rette, knyte dei saman så vi får ein samanhengande, god turveg frå fjorden og fram på Trollstigen. Tanken er at ein her kan ferdast, utan frykt for trafikken, til fots – gjerne med barnevogn – eller på sykkel eller hest, eller på ski vinterstid.

Nokre stikkord knytte til turvegen:
– Natur: Turvegen byr på mykje variert og spennande natur og geologi, frå skog- og fjell til friske elvastrekningar. Ei vandring langs turvegen er ei vandring gjennom kulturlandskapet, forbi jordbæråkrar og beitemarker, og gjennom ein frodig natur.

– Trivsel og næring: Med ei slik ferdselsåre gjennom dalen får vi både eit helse- og trivselsfremjande tilbod til fastbuande, og også til dei mange camping-turistane og reisande. Vi ser for oss ei rekkje aktivitetar ein kan arrangere på turvegen eller delar av han: kulturvandringar, eventyrvandringar for store og små, ungdomsaktivitetar (til dømes konkurransar både for dei sprekaste og dei mindre spreke), skirenn, sykkelutleige, ulike festivalar, pilegrimsvandringar. Såleis kan både Birkebeinerløpet og Rallarvegen inspirere til liknande aktivitetar, men då kanskje meir tilpassa «vanlege folk» og barn og unge. Elles er det berre fantasien som set grenser for kva andre kulturaktivitetar og kulturarrangement ein kan tilby på delar av strekninga (til dømes utekonsertar, utegudstenester etc.)

– Dugnad og samarbeid: Turvegen frå fjord til fjell er eit stort dugnadsprosjekt, men også i samarbeid med kommunen, som allereie har gjort eit stort førearbeid for å leggje til rette for ferdsel på ein del stiar. Arbeidet vidare med den saman-hengande turvegen frå fjord til fjell vil bli styrt av Valldalen.no, men i samarbeid med kommunen og andre partar. Utan samhandling, aksept og dugnadsinnsats frå grasrota – grunneigarar og innbyggjarar – er det ikkje mogleg å få til eit prosjekt som dette.

– Kulturhistorie: Vi nyttar gamle stiar og bygdevegar, og hentar såleis fram gammal kulturhistorie. I samband med rydding av stiar ønskjer vi å setje i gang eit innsamlings-prosjekt for å ta vare på dei historiene som eksisterer, før det er for seint.

– Norgeshistorie: Olav Haraldsson flykta gjennom dalen frå Mørejarlane i 1028. På folkemunne eksisterer det ei mengd segner om ferda hans, og denne tradi-sjonen arbeider ein med å samle inn og ta vare på. Delar av stien går på det ein trur er den gamle Olavsvegen.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening