Du er herDen beste møtestaden

Den beste møtestaden


AvHegelin Waldal – lagd ut09 februar 2010

Kvifor er stadion og klubbhuset på Omenås den beste møtestaden vi har på vinterstid?

Jau, fordi skigruppa i idrettslaget passar på at det er oppkøyrde løyper kvar dag. Skikafeen startar opp att torsdag 6. januar, og då er der:
– perfekt oppkøyrde løyper som går både oppover,
nedover og bortover
– ein herleg akebakke for store og små


– nytt av året: skøyteis på grusbana!
– deilig «kveldsmat» i klubbhusstova: smurde rundstykke, vaflar, kaffi, saft og kakao

Og ikkje nok med det: Ein må ikkje nødvendigvis ha ski på beina eller ein kjelke under rumpa heller. Ein kan berre ha lyst på ein hyggeleg drøs og noko godt å bite i!


Så dette gjer vi kvar torsdag mellom 18.00 og 20.30.

 

Les meir om ski-året her.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening