Du er herTre, tradisjon, smidigheit og sunnheit

Tre, tradisjon, smidigheit og sunnheit


AvHegelin Waldal – lagd ut21 juni 2010

Hels på dei nye medlemmene i Valldalen.no denne våren. Stikkord er blant anna smidigheit, sunnheit, sand, tre, trening og tradisjon.

 

 

 

Omenås sagbruk
Sagbruket til Øyvind Hoel og Annett Steinnes på Omenås brann ned til grunnen natta den 1. mars 2009. No er sagbruket oppattbygd – større og betre enn før.
 

Fysiohuset
I Fysiohuset på Valdal gard driv Mari Agathe Hatlestad privat fysioterapipraksis. Ho tilbyr fleire ulike behandlingsformer – og på nettsidene sine gir ho også gode svar på kvifor vi bør tøye – gjerne litt kvar dag.

 

 

Bhoga Yoga
Hos Bhoga Yoga i Syltegata kan du lære deg både fysisk og mental smidigheit gjennom heile sommaren. Christine Strandmann held kurs i sommaryoga både føremiddag og kveld i heile juli. Ho tek også grupper med seg ut på yoga i det fri.

 

 

 

Monsgarden
Følg livet på ein gard! Håkon Myklebust og Kristin Sandnes driv Monsgarden på Myklebust. Dei har jordbær, poteter, hest, hytte og fiske i elva.

 

Syltemoa Sandtak AS
Syltemoa Sandtak har vore i drift sidan 1971. Bedrifta har to hovudsatsingsområde: grusproduksjon og produksjon av ferdigbetong.

 

 

I tillegg har vi fått med oss Lingegarden, som mellom anna tilbyr overnatting på Linge, og Norddal Husflidslag, som har butikkutsal på Sylte.
Hjarteleg velkomne i valldalen.no!



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening