Du er herBli med på flotte fjellturar

Bli med på flotte fjellturar


AvHegelin Waldal – lagd ut21 juni 2010

Folket i Øvre Valldal held ikkje dei gode naturopplevingane for seg sjølve. Dei tek deg med på fine turar gjennom sommaren.

28. juni: Heisætra
Oppmøte på Gudbrandsjuvet kl. 18.00. Middels tur på 2 timar. Turleiar: Amalie Larsen Håvoll, mobil 906 02 306.

5. juli: Grøndalen
Oppmøte på Grønningsætra kl. 18.00. Middels tur på 2 timar. Turleiar: Magnhild Grønningsæter, mobil 952 45 026.

12. juli: Kulehytta
Oppmøte på Slettvikane kl. 18.00. Lett tur på 3,5 timar. Turleiar: Linda Myren, mobil 993 96 944.

19. juli: Osten
Oppmøte på Øvstestølen kl. 18.00. Middels tur på 4 timar. Turleiar: Bente Larsen Håvoll, mobil 476 59 282.

26. juli: Berildalskoppen
Oppmøte på Nestestølen kl. 18.00. Middels/bratt tur på 4 timar. Turleiar: Bente Larsen Håvoll, mobil: 476 59 282.

2. august: Slufsekoppen
Oppmøte ved Byksebrua kl. 18.00. Bratt tur på 3,5 timar. Turleiar: Liv Marit Bjørstad, mobil 979 65 791.

9. august: Skarfjellenden
Oppmøte på Alnesreset kl. 18.00. Bratt tur på 4 timar. Turleiar: Gerd Myren Hoel, mobil 476 59 275.
 



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening