Du er herKurs i kunstmåling med Norunn Mølsæter

Kurs i kunstmåling med Norunn Mølsæter


AvHegelin Waldal – lagd ut31 August 2010

Velkomen til introduksjonskurs i kunstmåling med energi- og avspenningsavingar

Laurdag 11.09 kl 10.00–18.00 i Mereteszengarden på Uri

Mereteszengarden har hatt eitt kurs, og det vart godt motteke, så vi held fram med eitt til i september. Seinare kan det verte oppfølgingskurs etter ønske og nærare avtale. Vi ønskjer at kursdagane skal gje deltakarane ei god oppleving framfor lerretet, at dei skal lære grunnleggjande måleteknikkar og få utfalde si kreative side i ein avslappa atmosfære.
Det vert eit uformelt arrangement i Zen-hagen. Her legg vi vekt på at deltakarene får uttrykkje seg fritt med form og farge, følelsar og stemningar, og litt mindre vekt på korrekte perspektiv som rett anatomi på menneske og dyr.
Dette er eit kurs for dei som lenge har tenkt at dei har lyst til å måle, men som ikkje har kome i gang på eiga hand. Det kan vere at ein er usikker på praktiske ting som utstyr, ulike teknikkar o.l., eller ikkje veit kva dei vil eller kan måle. Kurset passar også for dei som har måla litt sjølv og har lyst til å kombinere det med andre teknikkar, få nye idèar eller rettleiing i målinga.

Vi held til i det gamle drivhuset, som har eit unikt lys og god atmosfære.

Praktisk informasjon: www.mereteszengarden.no - under aktivitetar.
 



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening