Du er herÅ ta vare på ...

Å ta vare på ...


AvHegelin Waldal – lagd ut10 September 2010

Velkomen til haustkonferansen for Reinheimen 2010,

Åndalsnes 13. og 14. september,

Dei fleste av verneformåla for verneområda i Reinheimen byrjar med desse fire orda. Arrangøren har plukka ut nokre tema og ser under Haustkonferansen for Reinheimen 2010 på kva det er vi tek vare på, og korleis dette går føre seg i praksis i Reinheimen.

 

 

 

Konferansier begge dagar: Per Dag Hole

Program:
13. sept

11.00 Oppmøte og innsjekking
12.00 Lunsj
13.00 Velkomen til Rauma v/ordførar Torbjørn Rødstøl
13.10 Opning av konferansen v/leiar i KUR Per Dag Hole
13.20 Naturmangfaldlova med hovudvekt på innføring av
Verneområdestyra - Miljøverndepartementet
14.20 Beinstrekk
14.35 Tankar om lokal forvaltning v/ordførar i Lesja Per Dag Hole
og Skjåk Almenning v/ allmenningsbestyrar Stig Aaboen
15.05 Diskusjon
15.35 Om vernarar og brukarar i verneområde - Karoline
Daugstad frå Norsk senter for bygdeforskning
17.00 Geologisk ekspedisjon under Trollveggen v/Einar Anda,
Møre og Romsdal Fylkeskommune
19.00 Middag m/underhaldning
Heitkøtters Naturvernpris vil bli utdelt i løpet av den første dagen av
konferansen.

14. sept
08.00 Frokost
09.00 Verneområde til nytte eller forargelse, del 1 v/ Reiselivssjef
Hilde Gråberg Bakke
09.30 Verneområde til nytte eller forargelse, del 2 v/Rauma Energi
AS
10.00 Spørsmål og diskusjon
10.15 Naturmangfaldlova, kulturlandskap og stort rovvilt -
Seksjonssjef Ulf Lucasen, Fylkesmannen i M&R
11.00 Beinstrekk
11.15 Gjetarhundprosjekt i verneområde. Status og utfordringar
v/Ulvådalen sausankelag
12.00 Overvaking av store rovdyr - SNO
12.45 Oppsummering og avslutning
13:00 Lunsj og heimreise

Haustkonferansen for Reinheimen 2010
Haustkonferansen er open for alle og vert arrangert for tredje gong i år. Arrangøransvaret går på omgang mellom kommunane som grensar til Reinheimen, og dei to føregåande åra har den vorte arrangert på Reindalssetra med Norddal kommune som vertsskap og på Grotli Høgfjellshotell med Skjåk kommune som vertskap. Meir om desse konferansane og meir til kan ein finne på nettsida for Reinheimen nasjonalpark med tilhøyrande verneområde, www.reinheimen.no.

Kontaktutvalet for Reinheimen (KUR)
Kontaktutvalet for Reinheimen (KUR) vart oppretta i samband med verneprosessen for Reinheimen og dei tilliggande landskapsvernområda. Reinheimen vart offisielt verna i november 2006 og kommunane har vore
med i ei prøveorning sidan 2007 med delegert forvaltningsansvar for området. I KUR sit to representantar for kvar av dei 6 kommunane Norddal, Rauma, Skjåk, Lom, Vågå og Lesja, ein politikar og ein frå rettigheitshavarane. Vi er no inne i ein landsomfattande prosess der forvaltningsmyndigheita for verneområda blir overført til
verneområdestyre, og verneområdeforvaltinga går spennande tider i møte.
Pris og påmelding
Deltakaravgift kr 1300,- per person for heile konferansen, inkluderer deltaking på konferansen, mat og overnatting.
Dagpakke kostar kr 500,- per person per dag for lunsj og deltaking på konferansen.

Påmelding til nasjonalparkforvaltar Trond Stensby, c/o Lesja kommune, 2665 Lesja, tlf 61 24 41 21 eller trond.stensby@lesja.kommune.no.
Deltakaravgifta vil bli fakturert frå KUR
Frist for påmelding er sett til 3. september.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening