Du er herGrana skal vekk!

Grana skal vekk!


AvHegelin Waldal – lagd ut04 October 2010

På Valldalssetra har det skjedd store forandringar dei siste vekene. Gardbrukarane har leigt eit hogstselskap til å ta ut store delar av granfelta på Heimsetra og Hjellsetra (begge Valldalssetrane).

Hogstselskapet har teke ut store felt med gran som vart planta for 50–60 år sidan, og landskapet har forandra seg dramatisk. Det er så ein ikkje trur sine eigne auge, og det er så ein ikkje blir mett av å sjå!

Biletet over er frå lunneplassen på Heimseterbrenslene.

Dersom de er «heldige», får de i banneret (det breie biletet) på denne sida sjå bilete av eit heimsetersel før og etter at hogsten tok til.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening