Du er herStian og kvartetten til Fjellro

Stian og kvartetten til Fjellro


AvHegelin Waldal – lagd ut04 October 2010

Stian Omenås og kvartetten hans «Stian Around a Hill Quartet» held konsert på Fjellro fredag 15. oktober frå klokka 21.00.

 

 Trompetist og komponisten Stian er i lag med sine unge improvisasjons- og komposisjonsmusikarar ute på dobbeltturné i Noreg frå 8. til 17. oktober. Første avdeling på konserten står Kristian Skaarbrevik for (sologitar og elektronikk). Han har nettopp gitt ut si første soloplate. Musikken hans involverer bruk av musikkteknologi, grafiske og tradisjonelle partitur og sosiale omgivinader.
Stian Around a Hill Quartet står for andreavdeling på konserten. Bandet har eksistert sidan 2008, og gav ut «Lille Stille» i 2008. Plateselskapet Aim Sound City kjem på denne turneen til å ta opptak av alle SAHQ-konsertane, og dette skal munne ut i ny plate våren 2011.

SAHQ er: Stian Omenås (trompet), Svein Magnus Furu (sax og klarinett), Ola Høyer (bass), Øyvind Skarbø (trommer).

Fullstendig turnéliste:
08.10 Stallen, Horten (kl.2100, inngang: www.hjc.no)
09.10 House of Foundation, Moss (kl.1930, 150/100 kr)
11.10 Sound of Mu, Oslo (kl.2030, 100/50)
12.10 Cafe Moody, Haugesund (kl.2000, 100/50 kr)
13.10 Cafe Knøderen, Bergen (kl.2000, 100/50 kr)
14.10 Kube, Ålesund (kl.1930)
15.10 Fjellro, Valldal (kl.21, 150 kr)
16.10 Onkel, Kristiansund (kl.2100, 150/100 kr)
17.10 Cafe Ni Muser, Trondheim (kl.1900, 100/50 kr)
www.stianomenaas.com
www.myspace.com/kristianskaarbrevik



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening