Du er herJuvet landskapshotell kan bli årets reiselivsbedrift

Juvet landskapshotell kan bli årets reiselivsbedrift


AvHegelin Waldal – lagd ut02 November 2010

Juvet landskapshotell på Alstad i Valldal er nominert til Norges Reiselivspris i konkurranse med Birkebeinerrittet og Fjord Tours. Innovasjon Norge står bak denne prisen som blir delt ut under årets Skaperkraft på Folketeateret i Oslo onsdag den 24. november. (Foto: Knut Bry)

– Det er er stort for meg å få ei slik godkjenning frå bransjen, seier hotelleigar Knut Slinning.
– Å bli nominert til reiselivsprisen stadfestar at det lønner seg å tenkje annleis når ein utviklar nye reiselivsprodukt, og at det er mogleg å skape ein turistattraksjon også i utkanten av Utkant-Noreg, seier han.

Reiselivsdirektør Per-Arne Tuftin i Innovasjon Norge seier at Knut Slinning har satsa offensivt og meiner at han er eit førebilete for andre som ønskjer å vere innovative i Noreg.
– Dette er ei eksemplarisk utnytting av norsk terreng og landskap i utviklinga av eit norsk reiselivsprodukt, seier han.

Skaperkraft 2010
I tillegg til Reiselivsprisen deler Innovasjon Norge ut prisane Reodorprisen, Internasjonaliseringsprisen og Den nasjonale bygdeutviklingsprisen under arrangementet Skaperkraft på Folketeateret i Oslo onsdag 24. november.

Tidlegare vinnarar av Reiselivsprisen:
2009: Sorrisniva AS
2008: Hemsedal turistkontor, Buskerud
2007: Stiftinga Ekstremsportveko, Hordaland

Sjå meir på www.innovasjonnorge.no/Skaperkraft
Juvet landskapshotell: juvet.com

Foto: Jan Olav Jensen



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening