Du er herMusikalsk julegåve fram mot «våren»

Musikalsk julegåve fram mot «våren»


AvHegelin Waldal – lagd ut16 desember 2010

Stian Omenås er i det gåverike hjørnet for tida, og strør om seg med musikalske gåver. Denne gongen må du vente med å opne gåva til mot påske. Då blir Omenås musikkfestival  arrangert for åttande gong – 24.–26. mars. Det tredelte programmet på den tredelte festivalen byr på klassisk med Hans Petter Mæhle, jazz med Parallax og pop med Thom Hell (biletet).

– Festivalens kunstnariske profil er nyskapande, ung, allsidig og norsk kvalitetsmusikk. Det ypparste Noreg har å by på innanfor sjangrane jazz, klassisk og pop. Og det viktigaste, alt blir servert på ein og same kvelden med tre konsertar i intime lokale, seier festivalsjef og entusiast Stian Omenås.

– Vi ønskjer å overgå oss sjølve kvart år når det gjeld program og atmosfære. 2011 blir ikkje noko unntak, lovar han.

Festivalen gjer som i 2010 og legg ut på turne med tre konsertar på Sunnmøre:

torsdag 24. mars: Invit i Ålesund

fredag 25. mars: Fjellro i Valldal

laurdag 26. mars: Kaffikari i Ulsteinvik

– Vi legg festivalen til mars i år. Då håper vi å kome unna det verste trykket av arrangement på sommarstid, slik at vi heller møter eit svolte kulturpublikum etter ein lang vinter, seier Stian.

Les meir på www.stianomenaas.com

KLASSISK: Hans Petter Mæhle (30) er fiolinist og dirigent eit heitt namn på den klassiske musikkscena i Noreg. På Omenås Musikkfestival stiller han åleine på scena med fiolinen sin. Det blir ein variert klassisk konsert med musikk i eit breitt spekter frå J.S. Bach til vår eigen Terje Bjørklund.

JAZZ: Parallax blei stifta i 2008 og har sidan det turnert rundt i Noreg, England, Skottland, Tyskland, Kina og Hong Kong. Parallax er Stian Omenås (trompet, perkusjon og diverse tangentar), Are Lothe Kolbeinsen (gitar og diverse) og Ulrik Ibsen (trommer og diverse). Dei har ukonvensjonelle måtar å tilnærme seg instrumenta på: speler med boge på cymbal og gitar, ein sprettball festa på ein trepinne blir dradd over trommeskinnet, dei spelar på gitaren med ein mekanisk mjølkeskummar – ja, den som møter opp, får sjå!

Les meir på www.myspace.com/parallaximpro

POP: Thom Hell blir kalla trollmannen med den store stemma, og syter for at pop i verdsklasse gjestar oss. Gled dykk, seier Stian Omenås. Thom Hell stiller med trio på Omenås Musikkfestival 2011.

Les meir på www.thomhell.com
www.myspace.com/thomhell



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening