Du er herTemakveldar med meditasjon

Temakveldar med meditasjon


AvHegelin Waldal – lagd ut17 January 2011

Den siste søndagen i månaden fram mot våren inviterer Merete i zenhagen til temadag om meditasjon.

Dette blir samankomstar der ein snakkar litt om ulike måtar å øve på å vere nærverande og til stades på, det som også blir kalla mindfullness. Dette er metodar ein lett kan flette inn i kvardagen for å minske stress og samle energi.

Kvar møtekveld tek Merete opp eit tema, og ho gir også ei enkel inføring i meditasjon.

Merete peikar på at fruktene av dette mellom anna er meir glede og ro, og at ein blir kjend med seg sjølv og dei ressursane ein har.

Dagar: Søndag 30. januar, 27. februar, 27. mars, 24. april og 29. mai

Stad: I Meretes zenhagen kl. 19.00–20.30
Pris: 150,– medrekna forfriskingar

Påmelding: post@mereteszengarden.no eller mobil nr. 905 70 674 seinast to dagar i førevegen.

 



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening