Du er herInnflyttartreff i Eidsdal

Innflyttartreff i Eidsdal


AvHegelin Waldal – lagd ut17 mars 2011

Norddal kommune og døropnartenesta på Fjordhagen inviterer til
INNFLYTTARTREFF
fredag 25. mars kl 20.15 på Eidsdal skule i samband med dansekveld som Eidsdal Ungdomslag arrangerer.

Vi møtest på ferjekaia i Eidsdal kl 19.30 (ferje kl 19.15 frå Linge) og går saman til Eidsdal skule (gymsalen).

– Døropnaren ynskjer velkomen
– Omvisning ved Merete Løvoll Rønneberg på veg til Eidsdal skule
– kva for aktivitetar som fins
– aktivitetar for vaksne
– aktivitetar for born
– sommar– og vinteraktiviteter
– korleis ein kan bli med
– medlemskap, forsikring, m.m.
– dansekveld 20.15–22.15

Treffet er for vaksne og ungdommar. Her får de høve til å treffe andre, praktisere norsk, få nye venner, lære å danse!

Har du spørsmål, ring døropnartenesta på Fjordhagen på tlf. 70 25 72 00.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening