Du er herLivsstilshelg med yoga, meditasjon og urter

Livsstilshelg med yoga, meditasjon og urter


AvHegelin Waldal – lagd ut03 May 2011

Tre sosiale damer inviterer til ei pinsehelg med fleire livgivande og sunne aktivitetar.
Helga den 11.–12. juni vert det workshop med yoga, meditasjon og innføring i bruk av ville urter i Zenhagen i Valldal: 

YOGA med instruktør Christine Strandmann: Du lærer mellom anna enkle puste- og strekkøvelsar som er avslappande, mjukar opp kroppen og gir meir energi.
MEDITASJON med meditasjonslærar Merete Myklebust: Du lærer korleis du kan bli meir nærverande i livet, og får lære øvelsar som reduserer stress.
VILLE URTER med Synnøve Paulsen: Urter er fulle av vitamin og antioksidantar og dessutan hemmelegheita som gir ekstra piff til maten.
Programmet passar for både den som ikkje har erfaring med yoga og meditasjon frå før, og den som er litt erfaren.

Pris kr. 1700,-. Kr. 1500,- ved påmelding innan 12.05.
Les meir på www.mereteszengarden.no



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening