Du er herTrialklubben har starta treningane

Trialklubben har starta treningane


AvHegelin Waldal – lagd ut09 May 2011

Med vår og snøsmelting tek mange uteaktivitetar til att, ikkje minst trialtreningane. Kvar fredag framover frå klokka 17.00 er det trening på bana i Heggen.

Alle som ønskjer det, kan kome og sjå på. Den som ønskjer å køyre, treng lisens. Lisens kan ein skaffe seg på eit nybegynnarkurs.

Valldal Trialklubb arrangerer også nybegynnarkurs no på våren. Når dette skjer, er avhengig av kor mange påmelde det blir, og kva som passar best for dei. Kurset går over åtte kveldar og er på totalt 16 timar. Prisen er 900 kroner – dette inkluderer forsikring, rekruttlisens og medlemskap for køyraren. Klubben held med trialsykkel og hjelm på kurset. Deltakarane må ha kraftig skotøy (ikkje støvlar) og hanskar.

Treningane held fram til snøen set ein stoppar for det.

Sjå elles nettsidene til trialklubben for meir informasjon.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening