Du er herÅrsmelding 2010

Årsmelding 2010


Styret har i 2010 vore slik:
Leiar Kenneth Hovden
Kasserar Stein Inge Rem
Skrivar Hegelin Waldal
Styremedlem Eli Linge Boatwright
Styremedlem Pål Morten Krågebakk
Varamedlem Hanne Beate Uri
Varamedlem Frode Myren Døving

Revisorar er Per Magnus Berdal og Randi Tafjord
Valnemnd er Kåre Erstad, Peder Stakkestad og Signe Brenna

Kontingent: 1000,– for bedrifter (250,– er kontingent, 750,– er serviceavgift med frådragsrett) og 250,– for privatpersonar, lag og organisasjonar

Medlemstal: I 2010 har vi hatt 80 medlemmer: 47 bedrifter, 13 lag og 20 privatmedlemmer. Åtte av desse hadde ikkje betalt medlemspengar ved årsskiftet, men har fått purring. Det har ikkje vore drive aktiv verving av nye medlemmer i året som gjekk, men vi har fått nye medlemmer i samband med sommarfaldaren.

Vi har ikkje hatt medlemsmøte i år. Styret har hatt fire styremøte: 1. desember 09, 21. april, 8. september og 11. november.

– Valldalen.no var i år med på å arrangere Sunn sommarveke – Jordbærfestival. Primus motor var turskreddar Gro Marita Valdal. Valldalen.no si oppgåve var å samle deltakarar (i lag med Gro Marita Valdal) og marknadsføre arrangementa deira i sommarfaldaren, på nettsidene våre og på plakatar. Storfjordnytt stod også i år for utforming og trykking av sommarfaldaren, som vart distribuert til alle husstandar i kommunen og ut til Dyrkorn, og delt ut til ein del reiselivsbedrifter også utom kommunen. Dei som deltok på Sommarveka, fekk gratis marknadsføring, medan andre betalte 250 kroner for å stå i faldaren.
På evalueringsmøte som Gro Marita Valdal inviterte til om hausten, var tilbakemeldingane frå deltakarane positive til at aktivitetane var samla på denne måten, samtidig som dei sjølve hadde ansvaret for sine eigne arrangement. Gro Marita Valdal har signalisert at ho ikkje kan ta på seg ansvaret for eit liknande arrangement neste år, men er avhengig av at privatpersonar, lag og organisasjonar engasjerer seg i ei arbeidsgruppe. Styret i Valldalen.no meiner arrangementet er viktig, men ser ikkje at styret skal ta på seg arrangøroppgåver her. Vi meiner at dei medlemmene som ønskjer å delta, må engasjere seg i ei gruppe som kan arbeide med det som skal skje om sommaren, og så kan Valldalen.no yte både sponsormidlar og plass på nettsidene for å støtte og marknadsføre tiltaket.
Når det gjeld sommarfaldaren, har styret diskutert om vi bør tenkje nytt – både når det gjeld utforming og innhald. Tilbakemeldingar frå ein del bedrifter fortel at det er bruk for ein faldar ein kan dele ut til gjestene i dalen.

Nettsidene går sin gang. Statistikken fortel at det i snitt var 40 individuelle besøk per dag i 2010 (mot 26 i fjor. I juli var det 72 treff (mot 42 i juli året før)). Målet med å nemne desse tala er berre å vise at det har gått framover, og at sidene blir lesne. Hegelin Waldal ønskjer å ha ansvaret for nettsidene sjølv om ho går ut av styret. Vi meiner at nettsidene er eit gode, og ser fram til hyppigare oppdatering og meir fyldige stoff – og kanskje ei overrasking i ny og ne.

Vi støtta i tillegg Ung Helg. Vi hadde påskeannonse i Sunnmørsposten, men annonsen kom heilt vekk, og vi har konkludert med at det var bortkasta pengar. Vi sette bort arbeidet med å krevje inn medlemspengar til Norddal rekneskapskontor, og dette sparer styret for mykje ekstraarbeid.

Turstien frå fjord til fjell: Turveggruppa (Kenneth Hovden, Stein Inge Rem og Knut Slinning) har hatt fem fysiske møte i år. I sommar tok entreprenør Jostein Gjerde det første «gravemaskintaket» på turvegen mellom Rem og Alstad, og styremøtet den 8. september gjekk føre seg til fots frå Rem til Grønning og tilbake att. Arbeidet på den første biten på turvegen frå fjord til fjell er altså godt i gang, og dette blir ein flott turveg delvis på den gamle bygdevegen gjennom grendene. Det er no gangbar og køyrbar veg heilt til Alstad, men det står att ein del på resten av strekninga fram til Grønning. Dette skal på plass i 2011. 
22. september 2010 presenterte turveggruppa ved Kenneth Hovden, Stein Inge Rem og Knut Slinning strekninga Rem–Grønning for representantar for Kulturdepartementet (seniorrådgivar Frode Langø), Møre og Romsdal fylkeskommune (Petter E. Jenset og Siri Ask Fredriksen, begge rådgivarar for fysisk aktivitet), Møre og Romsdal Idrettskrets (Ulrik Opdal) og Norddal kommune (folkehelsekoordinator Kristi Linge Stakkestad). Vi leverte inn rapport til kommunen og fekk dei 50 000 kronene frå næringsfondet som vi fekk løyve om i 2007.

Vi hadde opphavleg planlagt å avvikle årsmøtet i november, men vi fekk ikkje tid til det.

Valldal 12. januar 2011,
Kenneth Hovden, leiar

 



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening