Du er herHelga for sprell og moro

Helga for sprell og moro


AvHegelin Waldal – lagd ut15 juni 2011

Helga 7.–10. juli er det duka for sprell og moro i Valldal! Det er helga for Valldal Summer Games 2011. 
Tanken med Valldal Summer Games er at alle som likar å drive med utendørsaktivitetar kan møtast her og ha det moro.

 

Her er programmet for helga:

 

Fredag 8. juli:

Kl. 10–15

Rafting i Valldøla

Felles sykkeltur med guide

Padling i ulike elvar (styrer seg sjølv)

 

Kl. 18

Kuskjit Bingo

 

Kl. 20

Tenning av storbålet

 

LAURDAG 9. JULI

Kl. 10–15

Felles sykkeltur med guide

Klatring i Fjørå med instruktør

Nybegynnarkkurs i elvekajakk

Padling i ulike elvar (styrer seg sjølv)

 

Kl. 17

Myklebust downhill padlerace, enkeltstart

 

Kl. 20

Kåring av «Årets bondetamp» på Sumer Games-campen på Hjelma

 

SØNDAG 10. JULI

Pakking og avreise

 

 

 

I Valldal er det ypperlege forhold for dei fleste utandørsaktivitetar som til dømes downhillsykling, longboard, elve-/havpadling, rafting, klatring, miniramp, bading, backgammon, hoppestrikk, wrestling, badminton, hesteskokastiing ... berre for å nemne nokre
Gjennom helga blir dethøve til å prøve ulike aktivitetar som ein kanskje ikkje har prøvd før som f.eks. padling, rafting og downhill sykling.
Det er ikkje eit krav at du driv eller har kunnskap om nokon av desse sportane frå før – det er nok av folk her som kan lære deg det.
Programmet for helga vil bli spikra nærmare festivalen.
Alle er velkomne på Valldal Summer Games så lenge dei er kule og greie. Du kan ta med deg kven du vil så lenge dei er like konge som deg sjølv.
Meir info kjem!



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening