Du er herHarpe, pop og sunnmørsk syre

Harpe, pop og sunnmørsk syre


AvHegelin Waldal – lagd ut07 desember 2011

Endeleg kan vi byrje å vente på Omenås Musikkfestival! Festivalsjef Omenås slepper programmet i adventstida, og den musikalske pakken opnar vi 8.–10. mars 2012. Den årvisse blandinga av klassisk, pop og jazz får vi av Ellen Sejersted Bødtker, Elvira Nikolaisen og Sunnmøre Syreorkester. 

 «Unik musikalsk skjønnheit er verd å ta innover seg», minner festivalsjef Stian Omenås oss om når han gir oss årets ventegåve, den niande utgåva av Omenås Musikkfestival.

Omenås Musikkfestival går av stabelen over tre dagar, med same programmet alle dagane: 
 Torsdag 8. mars, kl.1900: INVIT, Ålesund (www.invit.no)
Fredag 9.mars, kl. 2000: FJELLRO, Valldal (www.fjellro.no)
Laurdag 10.mars, kl.2000: KAFFIKARI, Ulsteinvik (www.kaffikari.no

Frå 2012 gir festivalen også tilbod om studentpris for å leggje betre til rette for unge musikkinteresserte. 

Omenås minner om at festivalen er ein ikkje-kommersiell festival som ikkje overlever på smålåtne billettintekter. 

– God kunst av høg kvalitet for eit lite, eksklusivt publikum kostar pengar. Men det er verdt kvar einaste krone om ein ønskjer eit slikt musikktilbod. Så eg oppfordrar til og håper det er eit ønske om å støtte festivalen vår også i 2012, seier festivalsjef og entusiast Stian Omenås. 

Litt om programmet:
– Den klassiske harpa er ikkje kvardagskost for ein sunnmøring. Instrumentet er jo eit kunstverk i seg sjølv! seier festivalsjef Omenås om festivalens klassiske innslag. 
– Det blir ein råflott konsert med dette unike, klangrike, vakre og eksklusive instrumentet og ein artist i verdsklasse, seier han.
Ellen Sjersted Bødtker er ein av dei leiande og mest brukte harpistar i Skandinavia. Ho har spela på dei fleste festivalar både her heime og ute i den store verda, og held konsertar både åleine og i lag med andre, både ensemble, kor og symfoniorkester. Repertoaret hennar er stort og omfattar det meste frå Bach til dagens samtidsmusikk. Ho har gitt ut fire soloalbum og er gjesteartist på fleire andre innspelingar. Akkurat no er ho aktuell med juleplata «Pacem» i lag med Sølvguttene. 
www.harpe.no    

Elvira Nikolaisen er årets popartist på musikkfestivalen og stiller med eigen trio.
– Elvira har ei sterk og personleg stemme – kanskje den mest særmerkte i Noreg. Ho er varm og klangfull på same tid. Komposisjonane hennar er nære, lyriske og tydelege i ein klassisk pop–sing and songwriter-stil, seier Omenås.
Debutplata hennar «Quiet Exit» gjorde henne raskt kjend i Noreg, og duette «Floden» i lag med Bjørn Eidsvåg er også mykje spela på radio. Våren 2011 gav ho ut si tredje soloplate, «Lighthouse». Musikarane til Elvira Nikolaisen er Jo Schumann (gitar) og Eirin Kinn (gitar og vokal).
www.elviranikolaisen.no

– Elektronisk, sprek, improvisert og energifull jazzrock i beste 70-tals Miles Davis-ånd, seier Omenås om Sunnmøre Syreorkester, som han sjølv er med i. Bandet oppstod som ein pilot i 2007 på den kjende sommarfestivalen på Giske. 

I år slepper dei ei «bombe av ei leiken og respektlaus framføring i augeblikkskunst», og med seg på laget har dei fått pianist Christian Wallumrød, stilskapar nummer ein innan norsk minimalistisk kunstjazz. 

– Dette blir stas, seier festivalsjefen, som gler seg til å sleppe ein festival med store dynamiske kontrastar over publikum i 2012, som motvekt til dei gjennomgåande lågmælte konsertane på festivalen i 2011.
www.christianwallumrod.com
www.youtube.com/watch?v=yw0tD6dpBtQ
www.stianomenaas.com



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening