Du er herSunnmørske godsaker fall i smak

Sunnmørske godsaker fall i smak


AvTiril Rem – lagd ut06 mars 2012

Mange gjester fekk smaken på saft, syltetøy og sjokolade frå indre Sunnmøre på lanseringa av prosjektet Mat langs nasjonale turistvegar i Mathallen i Oslo førre helg. 

Randi Tafjord, Tonje Tafjord og Ann Matthews tilbaud potetflatbrød, syltetøy og saft.

Fredag 2. og laurdag 3. mars var 30.000 menneske innom Mathallen i Oslo og prosjektet «Forsmak 2012». Frå hausten av blir Mathallen eit fast utsal for mat med restaurantar, barar og Bondens marked.

Den gamle industrihallen var fylt av folk som besøkte matutsal og barar, smakte på og kjøpte produkt, høyrde på debattar eller var med på mat- og drikkekurs. Det var òg eige kokkekurs for born.


Mathallen med Bondens marked som blir eit fast innslag i Oslo frå hausten, ligg i ein gammal industribygning på Vulkantomta nedst i Maridalsvegen.

Klippfisksuppe
Produsentane som kjem inn under prosjektet Mat langs nasjonale turistvegar, var samla bak eit langbord, godt profilerte med eigne plakatar og t-skjorter.
Christine Winge Strandmann var det første kjende fjeset eg fekk auge på, i folkehavet. Ho serverte klippfisksuppe med bacalao frå Dybvik i Ålesund.
– Smaksprøvene er populære, og det er utruleg mange som har vore innom. Det var kø då lokalet opna og fullt til det stengde, seier ho.

Christine Winge Strandman serverte klippfisksuppe.

Saft og syltetøy
Ann Matthews som driv Norsk bærindustri, delte ut mange smaksprøvar på saft og syltetøy. Laurdagen tok salet av produkta seg opp.
– I dag har eg hatt bra sal, og folk seier at dei likar produkta. Dessutan har eg fått gode kontaktar med hotell og grossistar. Det er bra!
Randi og Tonje Eirin Tafjord representerte Olagarden og Jordbærstova. Dei profilerte både gardsturismen som Olagarden tilbyr, potetflatbrødet som Randi Tafjord bakar saman med Åse Erstad, og eplesafta som blir produsert på Jordbærstova.

Mange ville ha ein smakebit av sjokoladen frå Geiranger. Bengt Dahlberg håper å få ein utsalsstad i Oslo.

Populær sjokolade
Inst i kråa ved nedgangen til utstillingslokalet i kjellaren er det lang kø framfor bordet med smaksprøver frå Geiranger Sjokolade. Fredag var salet så som så, men det tok seg opp laurdag, som for dei fleste andre.
– Eg er her mest for å profilere sjokoladen, og håper å få ein utsalsstad her i Oslo, seier Bengt Dahlberg.


Vebjørn og Merete Skog var godt nøgde med responsen på Matbuda.

– Knallbra! Det var klar melding frå Merete Skog om korleis responsen frå publikum hadde vore. Saman med Vebjørn Skog presenterte ho Matbuda på Stranda som sel mange matvarer frå lokale småskalaprodusentar.
– Vi er her for å profilere Matbuda og for å promotere produsentane som vi sel produkta til. Vi har fått kontakt med ein del journalistar, og fekk vist fram Strandabakels på God Morgen Norge på TV 2.


Knut Slinning var til stades både i eigen person og på plakaten.

Lansering
Knut Slinning og Juvet landskapshotell var det første ein møtte på utstillinga i kjellaren.
– Vi hengde oss på, seier han framfor lerretet der informasjon om Juvet landskapshotell surrar og går.
– Korleis har responsen vore?
– Bra, men det er litt få som finn vegen ned i kjellaren.

– Er det mange som alt har høyrt om Juvet?

– Ni av ti som kjem hit, har fått ei aha-oppleving og seier at dei har høyrt om Juvet landskapshotell før, seier han og viser fram postkorta med ein nigmakode der du kan gå inn på nettsida til Mat langs nasjonale turistvegar om du har ein app på mobilen.


Egil Ørjan Thorsen er prosjektleiar for Mat langs nasjonale turistvegar.

Turistvegmat
Inst inne i utstillingslokalet står Egil Ørjan Thorsen. Han er prosjektleiar for Mat langs nasjonale turistvegar, eit prosjekt som førebels er sett i gang for treårsperioden 2009–2012.
– Vi har om lag 70 aktivitetar knytte til prosjektet. Utstillinga viser 20 av dei frå Geiranger–Trollstigen, Sognefjorden, Gamle strynefjellsvegen, Valdresflya og Rondane. Dette er ein pilot for å byggje opp ei felles kommunikasjonsform, forklarer han.
Grunnen til at prosjektleiaren valde å vere ein del av Forsmak 2012, var at han kom i kontakt med sjefen for Mathallen på landbruksmessa Grüne Woche i Berlin.
– Det framskunda lanseringa som eigentleg var planlagd til mai. Vi har fått 500 treff på bloggen på grunn av dette. Det er kjempegøy, seier han.
Nettstaden kan du lese anten på bokmål, nynorsk eller svensk. Prosjektleiaren håper at utstillinga blir vist i andre norske byar i tillegg til Stockholm, København og Berlin.
No arbeider han med eit magasin for måltidsturisme knytt til Nasjonale turistvegar.
– Det finst ein marknad for måltidsturisme. Fleire og fleire turistar jaktar unike opplevingar, meiner han.

Frå utstillinga Mat langs nasjonale turistvegar.
 



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening