Du er her Tiårsjubileum for Omenåsfestivalen

Tiårsjubileum for Omenåsfestivalen


AvHegelin Waldal – lagd ut01 februar 2013

Hilde Marie Kjersem, Torun Sæter Stavseng, ein jazztrio, litt diskopopjazz og litt dans er ingrediensane i tiårsjubileet for Omenåsfestivalen på Fjellro 1. mars.

 

– I jubileumsåret har eg valt å fokusere på dyktige artistar frå Sunnmøre, fortel festivalsjef Stian Omenås. 

Helga 28. februar–1. mars er det duka for tiårsjubileum for Omenås musikkfestival, også denne gongen som ein turné frå Invit i Ålesund, til Fjellro i Valldal og til Kaffikari i Ulsteinvik. Til Fjellro kjem han fredag 1. mars. 

– På denne måten får fleire smake på kaka, og artistarne får gunstigare forhold både kunstnarisk, sosialt og økonomisk, seier Stian Omenås. 

– Alle stadene er små og hyggelege kafé- og lunsjstader. 

 

Omenås musikkfestival ønskjer å overgå seg sjølv for kvart år, både når det gjeld program og atmosfære. Jubileumsåret 2013 blir ikkje noko unntak, seier festivalsjefen. 

I jubileumsåret har han valt å fokusere på dyktige artistar frå Sunnmøre. Det er mange av dei, seier han, men han har valt å presentere nokre av sine favorittar. 

– Dette skulle vere litt for kvar ein smak, seier han, og ønskjer hjarteleg velkomen til Omenås Musikkfestivalturne 2013. 

 

Klassisk: Torun Sæter Stavseng på cello

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Jazz: Stian Omenås Trio: Denne nye trioen har Stian Omenås på trompet, Audun Ellingsen på kontrabass og Erik Nylander på trommer. 

 

 

 

Pop: Hilde Marie Kjersem

Hilde Marie Kjersem på vokal og diverse, med seg har ho Christer Knudsen på gitar og vokal.

 

Diskopopjazz: Monkeybar - Steinar Nickelsen på diverse tangentar og vokal, Erik Nylander på trommer og trommemaskin.

 

I tillegg kjem dansaren Jorunn Kjersem Hildre. Ho bidreg med dans til delar av cello-repertoaret til Torun Stavseng og til diskopopjazzgruppa MonkeyBar.

 

Les meir om festivalen og artistane på stianomenaas.com



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening