Du er herEin møteplass for kvinner i bygd og by

Ein møteplass for kvinner i bygd og by


Bygdekvinnelaget er ein partipolitisk nøytral kvinneorganisasjon som arbeider for kvinnene og bygdene sine interesser både nasjonalt og internasjonalt. Som ein viktig tradisjons– og kulturformidlar  har Bygdekvinnelaget satsingsområde innanfor kultur, mat og miljø.

Norges Bygdekvinnelag/NBK vart oppretta som sjølvstendig organisasjon den 15. november 1946 under namnet Noregs Bondekvinnelag. Organisasjonen endra namn i 2002 til Noregs Bygdekvinnelag. Fylkeslaget i Møre & Romsdal endra òg same året namn til bygdekvinnelag.

Mottoet til Valldal Bygdekvinnelag/VBK er «Aktive kvinner for  levande bygder». Vi spør: Kva skal til for at det er bra å bu i bygda vår?

VBK arbeider for
- trivsel og fellesskap for ulike interesser og aldersgrupper
- ta vare på mangfaldet
- støtte kvarandre i ein vanskeleg situasjon
- godt miljø gir grobotn for nyskaping

Valldal Bygdekvinnelag har medlemmer frå Valldal, Fjørå, Tafjord, frå Siri Lanka, Nederland og Tyskland, og tel no 50 medlemmer. Vil du bli medlem? Ta kontakt med nokon i styret eller andre medlemmer.

 

Styret for Valldal Bygdekvinnelag:
(valt på årsmøtet 19. november 2009)

Astrid Bakke Andersen, leiar
    tlf 41613375, helg-a4@online
Jorunn Ekornes, nestleiar
    tlf 95127023
Sunneva Linge, skrivar
    tlf 70257622, sulinge@online.no
Inger Sissel Berdal, kasserar
    tlf  91792184, isberdal@start.no
Bjørg Sætren Kleppe, styremedlem
    tlf 47016632, bjorg.kleppe@norddal.kommune.no
Christine Strandmann, styremedlem
Inger G. Sandnes, styremedlem

Faste aktivitetar i VBK:
VBK har desse faste aktivitetane:
«Syng med oss» på VTS ein tysdag i månaden v. Judith Grebstad Krogh
 – Strikkekafé  første torsdagen i månaden.
Stad: Kraftsenteret kl 19.00 v Liv Marit Indreeide
Fredagskafé på VTS  2-3 gonger i året. Ansvarleg: Jorunn Ekornes
– VBK har ansvar for nokre Seniortreff på Kraftsenteret
– VBK har leksehjelp på skulen ein ettermiddag kvar veke                                                                                                      
Nyføddgåve v Randi Hole Heggen
Småbarnstrim kjem i gang etter haustferien. Stad: Samfunnshuset

Alle aktivitetar, unnateke årsmøtet, er opne for alle.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening