Du er herÅrsmøtereferat 2008

Årsmøtereferat 2008


Referat frå årsmøte i Valldalen.no
torsdag 27. november 2008, Jordbærstova

Stein Inge Rem blei valt til ny leiar i Valldalen.no for eitt år. Med seg i styret har han:
Kaia Krågebakk (på val i 2009),
Hanne Beate Uri (på val i 2009),
Kenneth Hovden (på val i 2010),
Hegelin Waldal (på val i 2010).

Møtande varamedlemmer er:
Knut Slinning (på val 2009)
Eli Linge Boatwright (på val 2009)

Revisorar: Per Magnus Berdal og Oddbjørn Kleppe
Valnemnd: Kåre Erstad, Peder Stakkestad og Magne Alstadsæter.
Kontingent: Blir den same som før: 1000,– for bedrifter, 250 for privatpersonar, lag og organisasjonar.
Medlemstal: 83 på lista, 58 har betalt (denne infoen ikkje nemnd på årsmøtet)

Arbeidet med nettsidene og med turvegen frå fjord til fjell er no kome i «ordna» former. Språksmia as tek seg av førstnemnde, medan Knut Slinning har sagt seg villig til å styre arbeidet med turvegen. 

Den nye leiaren peika på kor viktig det er at ein aktivt tek i bruk heile organisasjonen for å få utført dei oppgåvene som organisasjonen får/tek på seg. Såleis er det fornuftig at ein delegerer arbeid/oppgåver til prosjektgrupper, både for at ikkje alt arbeidet skal liggje på styret, og for at fleire krefter kan takast i bruk for å få gjort det ein ønskjer.

Innspel frå årsmøtet:
Valldalen.no må vere pådrivar i fleire store og små saker (om det er gangvegar i sentrum, skilting, rasteplassar, forslag til samarbeid, webkamera etc.) Vi kan vere med og presse på, ikkje nødvendigvis gjere alt arbeidet sjølve.
Vi må halde eit trykk på stoppunkta: infotavler, rasteplass, parkeringsplass. Vi må skape rasteplassar der ein kan stoppe og strekkje på beina (og kanskje gå på toalettet?), ete niste og drikke kaffi, og få informasjon om bygda ein køyrer gjennom, slik at ein ikkje berre køyrer gjennom mot andre mål. Vi må arbeide for å få betre skilting.
– Gangvegane: vere med og presse på for at gangvegar skal kome på plass i sentrum.
– Aktivitetar i sentrum, til dømes torgdagar: faste datoar for å vere føreseielege. VNO ha stand i sentrum for medlemmene sine?
– Opne campingplassar også i september for å ta imot fleire turistar i skuldersesongen.
– Idé med skjerm på turistinformasjonen med info om ulike aktivitetar/sjåverdigheiter/ledige rom etc?
 



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening