Du er herÅrsmelding 2008

Årsmelding 2008


Styret har i 2008 vore slik:

Leiar Knut Slinning, kasserar Kenneth Hovden, skrivar Kaia Krågebakk, styremedlem Hanne Beate Uri, styremedlem Hans Olav Muri, varamedlem Stein Inge Rem og varamedlem Hegelin Waldal.

Revisorar er Randi Tafjord og Per Magnus Berdal.
Valnemnd er Randi Tafjord, Magne Alstadsæter og Kåre Erstad

Styret har i året som gjekk, hatt to styremøte.

2008 blei ikkje heilt slik som vi i styret hadde tenkt. Av ulike grunnar har aktiviteten vore mykje lågare enn vi la opp til på årsmøtet i fjor, og det er vi leie for.

Tippemidlar
På starten av året søkte vi om tippemidlar for å få etablert den første biten på turvegen frå fjord til fjell – frå Rem til Gudbrandsjuvet. Denne fekk vi overraskande avslag på, mykje på grunn av at han ikkje tilfredsstilte dei byråkratiske krava. Kulturavdelinga i Fylket var likevel så nøgde med ideen og tiltaket vårt at dei tok initiativ til møte om saka, og no samarbeider vi med Fylket og kommunen (kultursjef Aud Lindis Ødegård) om ein ny søknad, denne gongen med ei monaleg høgare kostnads- og tilskotsramme. Vi møter stor forståing for dei tankane vi har om å skape ein veg for tryggleik, trivsel, helse og reiselivsutvikling, og vi har god tru på at søknaden denne gongen går gjennom.

Nettsidene
I slutten av mai var det mogleg å gå inn på dei nye «prøveheimesidene» til Valldalen.no og finne fram til informasjon om medlemmene og også ein del av det som gjekk føre seg i sommar og utover hausten. Styret har vedteke at Språksmia skal ha ansvaret for å drifte desse sidene, slik at nettsidene blir meir oppdaterte, utfyllande, engasjerande og brukandes både for medlemmene og andre. Dette arbeidet tek til meir kontinuerleg når permisjonstida til Hegelin Waldal er over på starten av 2009.

Anna
Planane om ein turveg frå fjord til fjell var omtala i «Dei sju systrer», eit påkosta magasin som var distribuert til alle husstandane på sunnmøre.
Valldalen.no var ikkje direkte involvert i Olsokfeiringa i Valldal, men det flott å sjå at dette arrangementet engasjerer fleire lag og får stor oppslutnad frå folk i bygdene og frå tilreisande.
Vi ønskte å arrangere eit folkemøte med representantar frå Nasjonal turistveg for å få høyre kva arkitektar og prosjektleiarar har å seie om prosjektet. Det var ikkje mogleg å få til i år, men sidan opninga av Gudbrandsjuvet er utsett, er dette ein idé som kan førast vidare til neste år.
Leiaren var med ordførar Bjørn Inge Ruset på returvisitt til Hellas under den gresk-ortodokse påska, dette som næringslivrepresentant for Norddal kommune. På lang sikt kan forholdet til Hellas vere med på å skape gode ringverknader for Valldal – då med tanke på pilegrimsvandringar, olsokfeiring og eventuelt kloster på Syltefjellet.
Leiaren har også vore med på fleire samlingar og seminar (Reiselivskonferanse, Kultur-, natur- og reiselivseminar, haustmøte DGT, Mørekonferansen, statsbesøk i Lisboa der dronning Sonja opna ei utstilling der Gudbrandsjuvet var med, studietur til Svalbard med opplevingsreiseliv som tema) – sjølvsagt ikkje i kraft av å vere leiar i Valldalen.no, men på desse turane og samlingane er Valldalen.no alltid med!

Sjølv om aktiviteten i Valldalen.no ikkje har vore så stor i år, er det all grunn til å sjå lyst på både det Valldalen.no er blitt på så kort tid sidan stiftinga, og på det Valldalen.no kan bety framover.

Valldal 27.11.08
Knut Slinning
 



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening