Du er herOlsokfest med jordbær på menyen

Olsokfest med jordbær på menyen


AvHegelin Waldal – lagd ut02 mars 2009

Helga den 24. til 26. juli blir det noko for kvar smak når den tradisjonelle olsokfesten går av stabelen i Valldal. Nytt av året er jordbærfestivalen, som fokuserer på lokale produkt og mattradisjonar. Arrangørane har mykje kjekt på lur.

Mellom anna får ungane lage sitt eige jordbærsyltetøy, det blir høve til omvising på mottaksanlegget til Valldal Grønt på Grandane, og den lokale kokken Jarle Hoel tryllar fram kulinariske smakebitar med utgangspunkt i lokale produkt.

Laurdagen blir det tradisjonelt opplegg med Jordbærdilt og rulleskistafett, grillmat og underhaldning - blant anna barnetimen og konsert med Rita Eriksen!

Søndagen blir det fokus på olavstradisjonane: 
kl. 11.30: Pilegrimsvandring frå Grønning til Alstad
Kl. 13.00: Økumenisk friluftsgudsteneste på Alstad. Lokale musikkrefter deltek

Kl. 14.00: Sal av mat og drikke på Alstad
Kl. 14.30: Guida kulturvandring langs Olavsvegen

Kl. 19.00: Kåseri ved Øystein Bjørdal
                Konsert med Annbjørg Lien og Sondre Bratland
                i Sylte kyrkje

 

Sjå heile programmet her.



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening