Du er herFiske i Valldøla

Fiske i Valldøla


Holbakkane 2008. Foto: Aksel Døving

Laks og aure
Valldøla er ei fin lakseelv som er lakseførande frå fjorden og fram til Gudbrandsjuvet. Denne elvabiten er om lag 14 km lang og har ei god stamme med stor laks. Ovanfor Gudbrandsjuvet er det er det mykje aure. Det er også gode høve til fjellturar med aurefiske i fjellvatna.  Årleg fangst er 1000–3000 kg laks og sjøaure.

Fiskesesongen er mellom juni og august.

Fiskekort
Dei fleste elveeigarane sel fiskekort. Du finn meir informasjon om fiske i elva og kjøp av fiskekort på nettsidene til elveeigarlaget. Elva er delt inn i fleire soner. 

Desinfeksjon
På grunn av smittefare er det påbod om å desinfisere alt utstyr som skal brukast i elva. Dette gjeld fiskereiskap, båtar, gummistøvlar, vasskanner og liknande. Desinfeksjonen vert utført ved Turistinformasjonen i Valldal.

Litt meir om elva
Nedbørsfelt: 360 km2.
Elva er varig verna mot kraftutbygging. Utanom kraftverket i Hoelsfossen er det derfor ingen kraftverk i vassdraget. Det er mange sideelvar og fjellvatn som har utløp til Valldøla. Vassføringa i elva varierer enormt, og flaum kan derfor gjere stor skade.

Over 100 grunneigarar har fiskerett i Valldøla. I den lakseførande delen av elva er grunneigarane organiserte i Valldal Elveeigarlag. Ovanfor Gudbrandsjuvet er det grunneigarlag, Øvre Valldal Elveeigarlag og Øvstestøl Seterlag.

Valldøla – The Valldal River
The salmon can swim about 15 km from the fjord up the valley. Every year about 1000–3000 kg of salmon and trout are caught in the river. Most of the fishing licences are sold on the open market. Fishing licences can be bought from the farmers or from the web pages of the river.
All equipment used in the river such as fishing equipment, boats, boots, water jugs and so on is ordered to be disinfected due to danger of infection. The disinfection is done at the tourist information office in Valldal.
 



Livet i Valldal

ATTRAKSJONEN VALLDAL

Linda Eide har vore i Valldal og gitt bygda status som norsk attraksjon. Finn Valldal på kartet du også – og få med deg innslaget her!

 


WEB-KAMERA

Sjå med sjølvsyn korleis vêret er, frå web-kameraet på Valldal gard.

 

VÊRET
Valldalen er lang. Sjekk vêret grendevis frå Linge ved fjorden og fram på Slettvikane.
 

 

 

 

FART OG SPENNING

Sjekk Valldalsfilmen.

 
 

FISKE i VALLDØLA
Elva vår byr på mange fine opplevingar.
 

 

 

 

 


 

TRIMPOSTAR

Gode forslag til herlege turar – små og store.

 

BADELIVET 

Synest du det er for kaldt i fjorden for ein dukkert? Muritunet har offentleg bading onsdagar og laurdagar.
 

 

 

BOKVERDA

Eller ønskjer du kanskje heller eit aldri så lite bokdykk på Norddal folkebibliotek?
 

 

MUSIKKLIVET

Har du musikk inni deg, kvifor ikkje få han ut? Her kan du syngje, spele, tralle ...
 

 

VENENE

Norddal

Tafjord

Eidsdal

Geiranger

Vestnorsk fjordlandskap

Stordal

Stordal Alpinsenter

Strandafjellet

Ålesund og Sunnmøre Turistforening